Venner av Det Norske Teatret

Nettsted

Venner av Det Norske Teatret Bli med i Vennelaget og få 30 % rabatt på to billettar til alle framsyningar på Det Norske Teatret!

Litteraturvitar Bjørn Ivar Fyksen var ikkje spesielt opptatt av Alf Prøysen, men var lei av jobben sin, og søkte like gr...
23/09/2026

Litteraturvitar Bjørn Ivar Fyksen var ikkje spesielt opptatt av Alf Prøysen, men var lei av jobben sin, og søkte like greitt på eit doktorgradstopendiat om nettopp han.

Før medlemsframsyninga Prosjekt Prøysen snakka han og Arnhild Skre om den mest siterte forfattaren i gravferda til den tidlegare kongen vår, og om når det sømmer seg å sitere dei meir vulgære tekstane hans og ikkje. Om ein ufatteleg klønete fjøskar som mest av alt frykta å bli verande på husmannsplassen og om klassereisa frå den uisolerte Prøysenstua til bokdebut og visesamling.

Er biletet av nokon som flyg «berrføtt i doggras og blåbærlyng» eigentleg eit romantisk sommarminne eller ei forteljing om nokon som ikkje har råd til sko? Ja takk, begge delar, seier Bjørn Ivar.

Takk for no, og sest på neste medlemsframsyning!

Takk for ein hyggeleg lunsj og lyrikk på tysdag! Det vart ein interessant samtale om Olav Duun med Geir Kvarme, Grete Fa...
17/09/2026

Takk for ein hyggeleg lunsj og lyrikk på tysdag! Det vart ein interessant samtale om Olav Duun med Geir Kvarme, Grete Fatima Syéd, Ragnhild Hovengen og Liv Hege Skagestad.

Hyggeleg å sjå så mange på samtalen med regissør Maren Bjørset og Arnhild Skre før framsyninga av Søstrene! Me talde om ...
08/09/2026

Hyggeleg å sjå så mange på samtalen med regissør Maren Bjørset og Arnhild Skre før framsyninga av Søstrene! Me talde om lag 130 frammøtte og ser fram til neste medlemsframsyning 23. september😊

Fin plakat for filmen Attraksjonsverdi laga av  Bendik Kaltenborn.
16/03/2026

Fin plakat for filmen Attraksjonsverdi laga av Bendik Kaltenborn.

Om lag 70 personar møtte opp til dagens Lunsj&Lyrikk for å høyre kulturformidlar Ragnhild Hovengen og Munch-biograf Ivo ...
03/03/2026

Om lag 70 personar møtte opp til dagens Lunsj&Lyrikk for å høyre kulturformidlar Ragnhild Hovengen og Munch-biograf Ivo de Figueiredo samanlikne uttrykksformer og tema i Munchs billedkunst og Hamsuns dikting.

Tusen takk for i dag! 🥰

Medlemskveld 24. februar Tysdag førre veke var det arrangert nok ein medlemskveld/førprat for teaterinteresserte på Det ...
02/03/2026

Medlemskveld 24. februar

Tysdag førre veke var det arrangert nok ein medlemskveld/førprat for teaterinteresserte på Det Norske Teateret. Tema denne gongen var å forberede interesserte best mogeleg på Lars Norèn og hans teaterstykke Kommunion, som starta etter at førpraten var ferdig. Ca 70 personar hadde funne vegen til Foajeen ved Scene 2.

Vår gjest på denne Førpraten var regissør for stykket, Anders T. Andersen. Andersen har bak seg ei rekkje filmrollar og fleire regi-jobbar og gav oss eit unik innblikk i Lars Norèns liv og forfattarskap. Dette var tydeleg ein kar med svært god kunnskap om Lars Norèn og han liv og forfattarskap.

Norèn hadde ein krevjande oppvekst, med mykje mobbing på skulen og som han sjølv hadde sagt, ein "radikal utryggheit" i oppveksten. Dette bar han med seg vidare i livet og hadde nok vore medverkande til at han alltid sto skulder ved skulder med dei som ofte sto "utanfor" i samfunnet. Han hadde aldri hatt ein skikkeleg følelse av å være heime og hadde sjølv uttrykt at "språket var hans heim".

Anders T. Andersen gav oss innblikk i Norèns rike forfattarskap og kom etterkvart inn på skodespelet Kommunion. På spørsmål frå ordstyrar Astrid Versto om kva Kommunion handlar om?, svarte han at han eigentleg ikkje visst heilt, men formidla at det i stor grad handlar om ulike menneskjer med ulike lidelsar, akkurat som oss. Han forklarte vidare at mykje av skodespelet handla om ulike aspekt ved livet og nemnde stikkord som "tap og handtering av livet", som viktige deler av innhaldet. Han meinte mange ville kjenne seg att.

På spørsmål frå salen om Lars Norén var ein samfunnsdebattant?, var det svart at det var han nok ikkje, men at hans produksjon nok hadde ført til mange samfunnsdebattar.

Dagens oppsetjing på Det Norske Teater er også ein annleis oppsetjing enn den som vart sett opp i Gøteborg tidlegare, der Andersen drog fram bruk av humor, som to ulike tilnærmingar for dei to oppsetjingane, der versjonen i Gøteborg nok var betydeleg meir humoristisk, sjølv om denne versjonen slett ikkje var utan humor.

Astrid Versto avslutta med å yngsje lukke til og minna møtelyden nok ein gong om Vennelagets fordeler og oppmoda om medlemsskap og minna om nye arrangement.

Tysdag arrangerte me medlemskveld for Vennelaget på Det Norske Teatret. Tema for kvelden var teaterstykket «Les Misérabl...
21/11/2025

Tysdag arrangerte me medlemskveld for Vennelaget på Det Norske Teatret. Tema for kvelden var teaterstykket «Les Misérables», som ein kunne sjå på scene 2 etter medlemskvelden. Om lag 60 personar hadde funne vegen til mellomhøgda denne kvelden.

Til å setja oss litt inn i stykket stilte teatersjef og regissør Kjersti Horn opp, saman med skodespelar Sigrid Husjord, som ho hadde tatt med seg direkte frå kantina, før ho skulle spele rollane sine i skodespelet Les Misérables etterpå. Sporty gjort.

Me kjenner vel alle musikalen Les Misérables, men dette er som nemnd eit skodespel og ein hyllest til Victor Hugo sin tekst, som Sigrid Husjord meinte at alle bør lesa. Kjersti Horn viste også til musikalen Les Misérables, som er så kraftig utnytta kommersielt, men som har ein djup tekst, som fortener eit djupdykk og som i stor grad handlar om korleis «å være eit godt menneske». Det var med stor respekt ho hadde gjeve seg i kast med stykket, som har hausta svært gode omtalar, både i Danmark og her på Det Norske Teatret.

Ho fortalde om arbeidet med å skriva verket på nynorsk, der ein måtte sjå hen både til den danske og den franske teksten for å få eit godt nok resultat på nynorsk. Kjersti Horn meinte mellom anna at rytmen i teksten var viktig i eit kvart teaterstykke.

Skodespelet Les Misérables er no på Det Norske Teatret. Det kom frå Danmark og København (der også Kjersti Horn hadde regien) og skal snart vidare til Rogaland teater.

Kjersti Horn orienterte også om korleis skodespelet Les Misérables spelte på lag med andre oppsetjingar på teateret når det galt tema og innhald og meinte til dømes at Europavisjonar og Les Misérables omhandla mykje av dei same tema, men med svært ulikt uttrykk. Ho viste også til «Medmenneske» av Olav Dun, som snart kjem på Det Norske Teatret.

Ho ynskte alle ei god oppleving og minna om at Les Misérables tek 3, 5 timar og at pausen kanskje kjem litt langt ute i stykke, men det var planlagt for å få ein god heilskap i framsyninga.

Neste medlemskveld kjem allereie 4. desember, før framsyninga Juleoratoriet av Gøran Tunstrøn. Her kjem regiansvarleg Johannes Holmen Dahl og snakkar med oss. Håpar me sjåast!

Det løner seg å vera medlem i Vennelaget! Her kan de lese meir om fordelane våre ☺️
21/10/2025

Det løner seg å vera medlem i Vennelaget! Her kan de lese meir om fordelane våre ☺️

Det er godt å ha venner og det er godt å vera venn. Gjennom Vennelaget for Det Norske Teatret får du båe delar!

Adresse

Kristian IVs Gate 8
Oslo
0164

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Venner av Det Norske Teatret legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del