Bygningen blir brukt til aktivitetar innan kunst og kultur i tillegg til utleie for private arr.
•Opplevingar
•Kunst
•Galleri
•Gåvebu
•Badstove
•Bar med alle rettar
Kjøp billett⬇️ Her har det vore kisteverkstad, møbelfabrikk, møbeltapeteserar, lager, musikkverkstad og no kunstverkstad. I 2016 kjøpte Else Karin Tysse Bysheim og Lars Magne Bysheim bygget. Etter nokre år med tankar og idear, starta r
enoveringen hausten 2019. Bygget stod klart april 2020. Det framstår i dag med ein god blanding av gamalt og nytt. Allereie sommaren 2020 vart bygningen nytta som utstillingslokale for Osterøy Kunstlag. Bygningen skal brukast til aktivitetar innan kunst og kultur. Her kan du leige rom for ein periode for å arbeide med eit prosjekt eller ein ide du ynskjer å teste ut. Eller kanskje du berre treng eit rom for ein dag, til møte, kunst/handverk, kursverksemd, etc. Det vil bli arrangert ulike kurs/workshop for både born og vaksne. Ta kontakt for meir informasjon og prisar.