Kulturlandskapssenteret

Kulturlandskapssenteret Kulturlandskapssenteret driv med formidling av kunnskapar om kulturlandskap til alle målgrupper og i ulike former.

Me har tilbod i form av omvising, undervising, føredrag, kurs eller kulturprogram for alle målgrupper, det vera seg born og unge, studentar, fagfolk, "folk flest", pensjonistar og turistar. I tillegg driv me ein del konsulentverksemd, som skriving av skjøtselsplanar og leiing av ulike typar prosjekt.

🌸 Kulturlandskapsskulen er open kvar fredag, laurdag og sundag kl 12-17 til og med 23. august, og utanfor er Undringspar...
13/06/2026

🌸 Kulturlandskapsskulen er open kvar fredag, laurdag og sundag kl 12-17 til og med 23. august, og utanfor er Undringsparken med bålplass, naturstig og læringsmateriell for born og vaksne alltid ope. Like ved Hjartdal kyrkje og Holm Landhandel. Velkomen 🌸

🌸 Takk for ein nydeleg dag med slåttekurs for 6. klassingane frå Hjartdal, Svartdal, Flatdal og Åmotsdal 🌸 Fotoforedrag,...
12/06/2026

🌸 Takk for ein nydeleg dag med slåttekurs for 6. klassingane frå Hjartdal, Svartdal, Flatdal og Åmotsdal 🌸 Fotoforedrag, naturstig og praktisk kurs. Vekt på landskapshistorie (ressursbruk), naturmangfald og teknikk. Finansiert av Hjartdal og Svartdal utvalde kulturlandskap og gjennomført av oss i samarbeid med Slåttefestivalen i Hjartdal/NM i ljåslått! Instruktør Jon (80) og nokre av elevane er å sjå der i morgon 💕 Med Slåttefestivalen i Hjartdal og Utvalgte kulturlandskap i jordbruket

🧡 Dei flotte bøkene Ivar T. Dahl (1943-2026) gav ut med lokalhistorie frå Hjartdalsbygdene og Heddal er no for sal på Ho...
09/06/2026

🧡 Dei flotte bøkene Ivar T. Dahl (1943-2026) gav ut med lokalhistorie frå Hjartdalsbygdene og Heddal er no for sal på Holm Landhandel. Det står mykje som er knytt til kulturlandskap både lokalt og generelt i desse. Mykje er frå notatene etter folkeminnesamlaren og læraren på Kyrkjekrinsen skule i Hjartdal, Tov Reisjå (1865-1938) 🧡 Bla-eksemplar finn de ute i "glasbua", kjøpe-eksemplar inne i butikken.

Kom gjerne innom Holm Landhandel i morgon, me har vakt på fyrste opningsdag for sesongen. Nye varer i butikken, kjempefi...
04/06/2026

Kom gjerne innom Holm Landhandel i morgon, me har vakt på fyrste opningsdag for sesongen.

Nye varer i butikken, kjempefin salsutstilling i kafeen, fine boktips i glasbua, dei beste vaflane i mils omkrets, og 200 m unna er Kulturlandskapsskulen og Undringsparken vår med mykje å lære om beitedyra og naturmangfaldet! Pluss, pluss.

Ope fre, laur, sun kl 12-17 til og med 23. august.

04/06/2026

Kom til Hjartdal og Slåttefestivalen laurdag 13. juni.

De kan besøke Kulturlandskapsskulen (utstillinga vår i Gamleskulen) og Undringsparken utanfor i same slengen, berre 300 m frå slåttearenanen. Mykje, rask og god info om kulturlandskapet, beitedyra og naturmangfaldet!

PS: Hesja, den er det våre slåttekurselevar for 6. klassene på nærskulane som har fylt :-)

Dette har vore og er ein lærerik prosess, der mange lokale aktørar er involvert. Veldig fint å sjå kommunane Hjartdal og...
04/06/2026

Dette har vore og er ein lærerik prosess, der mange lokale aktørar er involvert. Veldig fint å sjå kommunane Hjartdal og Notodden i samanheng, me utfyller kvarandre! Kulturlandskap og industrihistorie. Me i Hjartdal bygd samarbeider i tillegg mykje vestover, Vest-Telemark er allereie med i ordninga og har merket.

Hjartdal har fått Merket for berekraftig reisemål.
Saman med Notodden er Hjartdal tildelt Merket for berekraftig reisemål frå Innovasjon Noreg. Utmerkinga er ei anerkjenning av det langsiktige arbeidet som er gjort for å utvikle reiselivet på ein måte som tek omsyn til lokalsamfunn, natur, kulturarv og næringsliv.
Sjå lenke til saka i kommentarfeltet.

21/05/2026

Flott snutt frå Matrike Telemark 🐄🐑🌿🌸

💛 Takk for besøket, til 1-årsstudentane på naturforvalting ved USN Campus Bø i dag. Ei glede å snakke for og syne rundt ...
21/05/2026

💛 Takk for besøket, til 1-årsstudentane på naturforvalting ved USN Campus Bø i dag. Ei glede å snakke for og syne rundt så lydhøre folk! I mangel på foto frå seansen, nokre systermarihendar frå Ambjørndalen 💛

TEMADAG MED TYNGDE Hjartdal og Svartdal utvalde kulturlandskap arrangerte her om dagen ein temadag med lærerike foredrag...
21/05/2026

TEMADAG MED TYNGDE

Hjartdal og Svartdal utvalde kulturlandskap arrangerte her om dagen ein temadag med lærerike foredrag om det utvalde kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal i og for seg, men òg om verdiane i å halde kulturlandskap i bygd og fjell i hevd generelt. Eit gjennomgåande tema var den viktige rolla aktive bruk med beitedyr sjølvsagt har i dette. - Sjølvsagt for oss ihuga, kan hende, men i samfunnet trengst det opplagt meir kunnskap og merksemd rundt dette.

Me fekk nokre eksepsjonelt gode foredrag om bruken av vårt eige ressursgrunnlag opp gjennom tidene, ivaretaking av biologisk mangfald knytt til seminaturleg mark - eller kulturarvsnaturtypane, som blei lansert som eit alternativt omgrep - og helsemessige fordelar i produkt basert på utmarksbeite. Medverkande var Ann Norderhaug, Ellen Svalheim og Hanne Sieckel frå NIBIO, Åse Marit Durano Nordbø / Nordbø Gard & Stule, Gunleik Mæland / Rørtveit Gard, Ingvill Garnås / Kulturlandskapssenteret og Olav Tho.

I tillegg var det stor stas (!) å sjå att fleire som tidlegare har vore i sving lokalt i Hjartdal og Svartdal; Ole Per Schei, Gunvor Synnøve Green og Gunhild Geirsta frå dei to parallelle kulturlandskapsprosjekta i Svartdal og Hjartdal (ca. 2000-2003), sistnemnde òg i Eldhusprosjektet (ca. 2003-2006) og dei to fyrste tilsette ved Kulturlandskapssenteret, Anne Skaug Nisi og Karoline Hartviksen. Ikkje del av programmet, men kvar for seg viktige for alt som framleis er i sving i dag, ikkje minst Kulturlandskapssenteret.

Takk til Helle Solberg, Maria Dyrland Fremmerlid frå omsynsvis Hjartdal og Seljord kommune og Ellen Dagsrud frå Statsforvaltarens landbruksavdeling for eit veldig fint samansett program. Vel blåst!

Ein uvanleg lærerik og inspirerande dag, i godt lag 😊
19/05/2026

Ein uvanleg lærerik og inspirerande dag, i godt lag 😊

Adresse

Bygdesentralen
Hjartdal
3690

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kulturlandskapssenteret legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kulturlandskapssenteret:

Del