04/08/2026
Vil du vere med å planlegge Aurlandsmarknaden 2027? Då er det 30-årsjubileum, og det bør jo markerast stort🎉🍾
Oppstartsmøte vert 27. august kl 18.00 på Rådhuset.
Nokon har alt meldt seg til å vere med i komitéen, men fint om endå fleire melder seg til å vere med😃 Send gjerne ei mld på messenger eller SMS til 95862520.
Og so ei oppfordring til slutt - om du ikkje har lyst til å vere med i komitéen for å planlegge, so sei ja til å stille opp når det vert spurt etter vakter, riggfolk eller nokon til å hjelpe til med dei «ørten» andre oppgåvene som skal gjerast. Tek alle litt, so vert det ikkje so mykje på kvar😃