Skrivargarden

Skrivargarden Sorenskrivargarden i Aurdal i Valdres. Eigd av kunstnarparet Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård som opnar heimen sin og den nyrestaurerte ballsalen.

Garden har røter tilbake til 1600-talet og hovudbygningen vart oppført i 1846.

Velkomen til Skrivargarden i Aurdal i Valdres! Sorenskrivargarden er eigd av kunstnarparet Ragnhild Hemsing og Hallgrim ...
08/02/2024

Velkomen til Skrivargarden i Aurdal i Valdres! Sorenskrivargarden er eigd av kunstnarparet Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård. Dei opnar no heimen sin etter mange år med oppussing der dei har henta fram igjen det originale, både i stil og farger. Det siste ferdige rommet er den nyrestaurerte ballsalen i 2.etg.

Garden har røter tilbake til 1600-talet og hovudbygningen vart oppført i 1846. Aurdal var sentrum i Valdresregionen på 1800-talet, og rett nedanfor Sorenskrivargarden var endestasjonen på Valdresbanen. Sorenskrivaren fungerte som dommarfullmektig og skatteoppkrevjar, og huset var elles mykje brukt til fest for borgarskapet. Spelemannane laut lære seg kunstmusikk som franchaise og fandango i tillegg til dei lokale dansane, og slik vart bygningen ein arena for kulturmøte. Knut Hamsun som budde på nabogarden, fekk stipend av sorenskrivarfrua då han skreiv boka Victoria. I Aurdalsbyen er sveitserstilen dominerande og Sorenskrivargarden er det einaste bygget i utprega empirestil her.
No er ballsalen restaurert attende til 1800-talsstil, og ekteparet Hemsing Hansegård gler seg til å opne dørene til ulike kulturarrangement iløpet av året. No fyrst ut er Hemsing Festivalen i februar.

Velkomne til konsertar!

05/02/2024

Adresse

Aurdal
2910

Telefon

+4797187629

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skrivargarden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Skrivargarden:

Del